Dennis Risvoll er Norges einaste deltakar i Freeride World Tour, og er i år klar for sin andre sesong på rad i verdscupsirkuset.

Nå blir historia til 29-åringen frå Vågå fortalt i ein timelang dokumentar med namnet «Headless».

NRK har kjøpt retten til å syne filmen i Norge. Det er uklart nå filmen blir synt fram fyrste gong.

Det er Fri Flyt som skriv dette på si nettside.

Filmen er produsert av Terez Hollo-Klausen i Anna Kron Film. Magnus Strand og Håvard Hanasand i Planckfilm er co-produsentar.

– Dennis er ein utradisjonell type som aksepterer å ta ganske stor risiko, for det som ikkje alltid er særleg stor gevinst. Så det har vore eit tema å prøve å forstå kva som driv han, og korleis han taklar denne risikoen, seier regissør Håvard Hanasand til Fri Flyt.