Kjell Helge Løkken er tildelt Vågå kommune sin kulturpris for sin enorme innsats innan kultur og friviljug arbeid gjennom mange år.

Eit fullsett kulturhus fekk ta del i utdelinga laurdag, og gratulantane stod i kø da hovudpersonen vart heidra i bortimot to og ein halv time. Fotograf Morten Krogvold var blant dei mange som æra Løkken.

– Eg vil tørre å påstå at du er den mest fortente kulturprisvinnaren i heile Noreg, sa Krogvold da han tok Løkken på senga og entra scena i kulturhuset.

Sjå meir frå festkvelden i papiravisa torsdag.