– Dette er slik ein ser på tv frå andre stader! seier Bjørg Eva Sletten Neil frå Lom.

Ho har budd i Melbourne i Australia i 11 år og jobbar som ansvarleg for resepsjon, servering og catering på eit stort advokatkontor. Kontoret ligg der dødsdramaet fann stad fredag ettermiddag, lokal tid.

Fredag køyrde ein mannleg sjåfør i 20-åra inn i ei folkemengde i Melbourne, utanfor kontoret der Bjørg Eva jobbar. Tre personar vart drepne, og eit tjugetals personar vart skadde. Sjåføren vart pågripen rett etter hendinga, melder VG som også har intervjua Bjørg Eva.

– Mange av ofra vart påkøyrde rett utanfor hovudinngangen vår. Vi kunne ikkje gå ut eller inn gjennom den døra, for dei dreiv med fyrstehjelp og politiarbeid der i lang tid. Frå kontoret mitt i 15. etasje såg vi ned på ei sidegate der ein person låg skadd, seier Sletten Neil til Fjuken.

Ho var på jobb da dramaet pågjekk.

Hendinga skjedde klokka 14 australsk tid. Da Bjørg Eva reiste frå kontoret fire timar seinare, var gata framleis stengt for trafikk.

– Vi fekk stadfesta at ingen frå kontoret mitt var fysisk skadd, men fleire hadde sett det på nært hald. Eg går langs denne gata fleire gongar i veka rundt lunsjtider, så dette var verkeleg nært, seier Bjørg Eva.

33-åringen seier at episoden fredag er uverkeleg.

– Det kunne rett og slett ha vore meg. Dette er jo slik ein ser på tv, som skjer andre stader med andre menneske. Det gjer verkeleg inntrykk å få dette så nært innpå seg. Eg tenkjer også på at det er svært langt frå heime i Lom om det skulle skjedd meg noko, seier Bjørg Eva Sletten Neil.