Naudetatane rykka ut da dei fekk melding om ei utforkøyring på Rv15 rett før klokka 12 torsdag.

Utforkøyringa skjedde ved innkøyringa til Kolbotn industriområde, aust for Lalm.

Personen som køyrde av vegen, ein yngre mann som er heimehøyrande i regionen, var einsleg i bilen, og kom uskadd frå hendinga. Han vart likevel teke med til legevakta på Otta for sjekk. Køyretyet fekk store materielle skadar, og bilen var ikkje køyrbar etter utforkøyringa.

I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt fekk mannen sleng på bilen.

– Det var svært vanskelege køyretilhøve fleire stader i Ottadalen torsdag, med store svingingar på temperatur og nedbør. Mannen som køyrde av vegen ved Lalm har ikkje køyrd uaktsamt, men vore ute for eit hendeleg uhell, konstaterer operasjonsleiaren.