Kvar månad framhevar NHO Innlandet ein av sine over 2.000 medlemsbedrifter for å synleggjere mangfaldet Innlandet har å by på. Dette blir gjort i form av utmerkinga «Månedens bedrift».

Glasopor er den 26. bedrifta som blir kåra til «Månedens bedrift» av NHO Innlandet. Utmerkinga skal spegle breidda blant medlemsbedriftene i høve til både bransje og geografi. I tillegg blir det lagt særleg vekt på at bedrifta har fått regional og nasjonal merksemd.

– Med den merksemda dykk har fått rundt om, skulle det berre mangle at dykk blir månadens bedrift, sa regiondirektør Åge Skinstad i NHO Innlandet da han var på bedriftsbesøk i Skjåk onsdag.

Med alle toppane innan politikk og næringsliv i salen, trekte NHO-sjef Kristin Skogen Lund fram Glasopor som eksempel på industri-innovasjon som trengst i Noreg for å lykkast med det grøne skiftet, under NHO sin årskonferanse.

Fabrikksjef på Glasopor, Svein Gudbrand Lund, visste ikkje om at NHO hadde kåra attvinningsbedrifta i Bismo til «Månedens bedrift» i januar, før Åge Skinstad kunngjorde det under besøket onsdag morgon.

– Glasopor består av ein gjeng svært dyktige medarbeidarar. Dette er lagspel heile vegen, og denne utmerkinga går ikkje berre til ein enkeltperson eller til leiinga, men til heile laget, sa fabrikksjefen.

Sjå meir i papiravisa torsdag.