I fylgje NRK var det ekspressbussen frå Trondheim til Bergen og ekspressbussen frå Oslo til Måløy, som fekk problem på fjellet tidleg onsdag morgon.

Uhellet skjedde på Rv15 i Breidalen i Skjåk, mellom brøytestasjonen og Oppljostunnelen.

– Bussane køyrde saman over fjellet. Det var spegelblankt så dei køyrde seint, så kom det eit vindkast som skyvde dei ut i brøytekanten. Det var ingen dramatikk, fortel marknadssjef Svein-Arne Vik i Nettbuss til NRK.

Medan bussen frå Trondheim til Bergen vart ståande bom fast, fekk ein etterkvart bussen frå Oslo på vegen att. Denne bussen tok med seg alle passasjerane vidare til Stryn.

Det var svært glatt på fjellovergangen onsdag morgon.