Ingrid Aarstrand er ei av 15 jenter som er stemt fram til semifinalen i kåringa av Årets turjente 2016.

Ingrid Aarstrand og Mali Frydenlund, båe frå Vågå, var nominert i konkurransen om å bli Årets turjente.

Måndag 16. januar vart det klart kven som går vidare i konkurransen. Ingrid er blant dei 15 som nå går vidare.

Vinnaren blir kåra av ein jury som består av turjenter.no og bloggarar på sida. Vinnaren av «Årets turjente 2016» har moglegheit til å stikke av med premiar til ein verdi på over 30.000 kroner.

Du kan gå inn og stemme på Ingrid på turjenter.no