Ikkje uventa vart det vedteke å leggje ned lensmannskontora i Vågå og Skjåk, men fleire reformar er i kjømda. Nå kan kontora som overlever også vil blir fråtekne ei viktig oppgåve.

NRK kan fortelja at oppgåva med å skrive ut pass blir sentralisert i Øst politidistrikt. Det betyr at lensmannskontora ikkje lenger får lov til å skrive ut pass.

– Vi har så strenge krav til tryggleik og rutinar knytt til pass. Det gjer at vi er nøydde til å redusere talet på stader ein gjer dette, seier politimeister Steven Hasseldal til NRK.

Førebels skjer dette i Øst politidistrikt, men politimeisteren trur det vil skje i heile landet.

– Eg trur dette vil tvinge seg fram over heile landet i større eller mindre grad, seier han til NRK.