Trine Barbro Kolden Horten frå Sjårdalen, busett på Vinstra, stakk fredag av med millionpremien i Europjackpot. I tillegg vann ho eit reisegåvekort på 100.000 kroner.

Vinnaren vart i følgje Norsk Tipping lettare sjokkert over beskjeden da Hamar ringte ho fredag.

– Er det sant? Å herregud. Eg har levert Eurojackpot sidan starten, men aldri trudd eg skulle vinne noko som helst, seier den lykkelege vinnaren til Norsk Tipping.

Trine Barbro Kolden Horten fortel til Norsk Tipping at millionen kjem godt med. Ho og familien driv gard på Sødorp og har nemleg planar om å byggje nytt seterhus.

Reisegåvekortet skal brukast til ein tur i varmare strok.

– Det blir nok til varmare strok, men eg veit ikkje heilt kvar, seier ho.