Lokal kultur skapte ei flott ramme under utdelinga av kulturpris og kulturstipend i Utgard fredag kveld.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø delte ut kulturprisen for 2016 til Rolv Brimi og kulturstipend til Reidar Aurmo.

Brimi fekk kulturprisen for sitt engasjement og kunnskap om folkemusikken. I fjor gav han ut songboka «Nå skal eg sulle», saman med sonen Aslak Brimi.

Reidar Aurmo er ein av dei beste i si årsklasse i landet når det gjeld langrenn. Ordføraren trekte fram ungguten som eit førebilete for andre unge og ein utøvar ein er stolt av.