Det er ein mangeårig tradisjon at Oppland fylke sitt trafikktryggleiksutval arrangerer ei ulykkesmarkering for å minnast drepne og skadde i trafikken i fylket. I år var markeringa lagt til Vågå.

Samstundes som eit stille og langt fakkeltog gjekk gjennom sentrum, vart det tent 241 ljos langs fylkesvegen gjennom sentrum. Eitt ljos for kvart offer. Sju personar mista livet i trafikken i Oppland i fjor, 27 vart hardt skadd og 207 lettare skadd.

– Ei markering bringer ingen tilbake. Dei vi har mista er uerstattelege. Men vi kan jobbe for at andre slepp å oppleve det same, sa fylkesordførar Even Aleksander Hagen i si tale ved kommunehuset.

Både fylkesordføraren og leiar av trafikktryggleiksutvalet, Gunnar Tore Stenseng, retta ein stor honnør og takk til «blåljosfolket» og alt dei gjer gjennom sitt daglege virke med å redde liv.

Saman med ordførar Iselin Jonassen leia Stenseng an fakkeltoget gjennom sentrum.

Etterpå var det minnegudsteneste i Vågåkyrkja.

Fylkesvaraordførar Even Aleksander Hagen oppmoda til å køyre forsiktig i si tale. Foto: ARVE DANIELSEN