Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar helg.

Denne vekas jubilant er Sander Gjeilo Bjørgen. Han vart 1 år 2. januar, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken.

«Hipp, hipp hurra for den vesle, gode sjarmøren vår!

Mange store gratulasjonar frå bestemor og bestefar i Skjåk og tante og onkel på Gjøvik.»

Gratulerer med dagen, seier vi i Fjuken òg!

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.