Politibetjent Jonny Gundersen minner om at det er reglar for når ein kan sende opp fyrverkeri nyttårskvelden. Det er forskrifta om politivedtekt for kvar enkelt kommune som bestemmer når du kan «skyte inn» det nye året.

I forskrifta for Lom kommune kjem det fram at det faktisk er ulovleg å sende opp fyrverkeri i kommunen, utan å varsle politiet. Ja, du las riktig! I forskrifta heiter det at det er forbode å brenne av krut eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve eller fyrverkeri utan melding til politiet.

– Eg tenkjer at forskrifta for Lom kommune kanskje er moden for ein revidering. Det er jo ein tradisjon at folk kjøper fyrverkeri og feirar inngangen til det nye året ved midnatt, og det burde dei nå få lov til å gjere i Lom også, tykkjer eg. Men sidan det står som det står i vedtektene, så er det faktisk totalforbod mot oppsending av fyrverkeri i Lom utan at ein varslar politiet på førehand, seier Gundersen.

I Skjåk kommune er det tillate å sende opp fyrverkeri frå ein time før til ein time etter kl 24 nyttårskvelden. I Vågå kommune er det tillate å sende opp fyrverkeri frå klokka 20.00 den 31. desember, til klokka 02.00 den 1. januar utan løyve.