Kan vinne spelemannspris

Gruppa Highasakite med skjåkværen Trond Bersu, er nominert til to spelemannsprisar.

Nominert Gruppa Highasakite med Trond Bersu (t.v.) frå Skjåk kan vinne spelemannspris. Her frå da dei vann pris i 2015.Foto: NRK/ Skjermdump

Nyheiter

Torsdag føremiddag vart dei nominerte til Spellemann 2016 offentleggjort.

Indiepop-gruppa Highasakite, der skjåkværen Trond Bersu spelar slagverk, er blant artistane som er nominerte. Highasakite er nominert i klassa popgruppe med plata «Camp Echo». Dei andre nominerte i denne kategorien er gruppene Lemaitre og No. 4.

Highasakite vann Spellemannprisen i denne kategorien i 2015.

I tillegg til å vera nominert i klassa popgruppe, er Highasakite nominert i klassa musikkvideo med videoen «Golden Ticket».

Spellemannprisen er landets fremste musikkpris-utdeling. Årets Spellemann går av stabelen i Oslo laurdag 28. januar, og blir sendt på NRK1.