– Det er ei lei sak for oss dette, sukkar rådmann Svein Holen.

I prestebustaden er alt klappet og klart. Kommunen har tilsett åtte godt kvalifiserte personar som er klare til å ta imot dei mindreårige flyktningane. Dei startar alle på jobb fyrstkomande måndag.

– Siste melding frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet er at vi skal få beskjed om når flyktningane kjem i løpet av fyrste halvdel i januar. I beste fall får vi eit par, eller fleire, ganske fort. I verste fall kan både januar, februar og mars gå utan at det kjem flyktningar i det heile tatt.

– Kva konsekvensar vil det få?

– Da har vi ein plan B. Dei tilsette skal uansett bruke fyrste del av januar til opplæring og planlegging, men dersom det dreg ut i tid før flyktningane kjem, må vi tenkje på moglegheiter til midlertidige omplasseringar. Det som er heilt sikkert, er at det ikkje er vår skuld at flyktningane er forseinka. Vi vil derfor krevja staten for refusjon av lønsutgiftene. Så langt har vi ikkje fått lovnader på dette. Vi har fått beskjed om at vi kan søkje skjønsmidlar, men den potten er ikkje stor. Eg vil tru fleire kommunar vil setja krav om dette, for det er fleire kommunar som er i same situasjon som Skjåk, fortel Holen.

Han tykkjer det er beklageleg at styresmaktene ser ut til å bruke meir tid på å kaste ut flyktningar enn det dei brukar på å busetja flyktningane som faktisk har fått vedtak om busetting.

– Vi får verkeleg håpe denne situasjonen løyser seg fort på nyåret, avsluttar rådmann Svein Holen.