Det er frå før bygd parkeringskjellar med betongdekke over.

– Over garasjebygget, i fyrste etasje, skal det vera forretning. Der er det Arne Brimi som skal inn. I andre etasje hadde vi lagt opp til å byggje leilegheiter for sal, men dette fekk vi ikkje løyve til. Vi fekk berre byggje leilegheiter for utleige, så da blir det vanskeleg. Vi kjem uansett til å byggje «skalet» også på andre etasje, slik at vi får eit tett hus, fortel Magnar Mundhjeld.

Dersom alt går som planlagt skal arbeidet vera ferdig 1. mai.

– Men det er ein stram framdriftsplan, så da må alt gå føre seg utan uføresette problem, slår han fast.