For få år sidan vart det seld fyrverkeri fleire stader i Ottadalen, nå er det utsal berre èin stad i kvar kommune. Skjerpa krav til løyve og oppbevaring av fyrverkeri, er mellom grunnane til dette.

Hjå Europris i Lom er dei opptekne av at alt skal gå etter boka.

– Når folk kjøper fyrverkeri deler vi ut vernebriller, ein tennstav og ei brosjyre med alle forhaldsreglane, fortel butikksjef Gøran Borgstrøm som også presiserer at det er 18-årsgrense på kjøp av fyrverkeri.

Kunden kan ikkje ta med seg fyrverkeriet ein vil ha gjennom butikken, men hente det ein har kjøpt når ein går ut av butikken.

– Vi kan heller ikkje trille det gjennom butikken når vi skal fylle på med varer. Vi må gå rundt butikken med det, seier Borgstrøm som naturlegvis oppbevarer alt krutet i ein eigna og godkjent container.

Les Direktoratet for samfunssikkerhet og beredskap sine råd.