Skilting Sjårdalen idrettslag har merka og skilta 25 turruter i grenda.
(Foto: ARVE DANIELSEN)

Skilting Sjårdalen idrettslag har merka og skilta 25 turruter i grenda. Foto: ARVE DANIELSEN

Støtte til stigprosjekt

Sjårdalen Idrettslag har fått 500.000 kroner til merking, rydding og vedlikehald av gamle seterstigar og ferdelsvegar i grenda.

Gjensidigestiftelsen delte rett før jul ut pengar til fleire lokale lag og foreiningar. Stigprosjektet til Sjårdalen idrettslag var av dei som fekk ei gild julegåve av stiftelsen.

Prosjektet til idrettslaget har namnet «frå fjell til dal», der det blir merka og rydda gamle seterstigar og ferdselsvegar i grenda.

Stigprosjektet starta for to år sidan og det er lagt ned mange hundre dugnadstimar med å rydde stigar og sette opp skilt.

Så langt er det merka og skilta 25 turruter i grenda. Det er sett opp 200 skilt og seks informasjonstavler.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: