Lomsjentene vann Vågåkøppen

Sju damelag stilte i Vågåkøppen fjerdedag jul i Vågåhallen. «The Minions» vann damefinalen.

Vann «The Minions», jentene frå Lom vann damefinalen.Foto: ARVE DANIELSEN

Duell Sivert Øien Bakke (i blå drakt) var kåra til Årets spelar.Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Fotballcupen i Vågåhallen fjerdedag jul er ein tradisjon mange må ha med seg. I år var det 14. gongen at cupen vart arrangert.

Sju damelag og åtte herrelag stilte i Vågåkøppen. Det vart totalt spela 43 kampar, før vinnarlaga var kåra.

«The Minions» vann damefinalen med 3-0 over «De proffe amatørene». Herrefinalen var det «Atletico Madrid» med Sivert Øien Bakke med kameratar som vann. Nok ein gong måtte arrangørlaget «This is Finna» - Liverpool-supportarane, bite i parketten over nok eit finaletap.

Mål Elise Øyjordet set inn sigersmålet 3-0.Foto: ARVE DANIELSEN