Fotballcupen i Vågåhallen fjerdedag jul er ein tradisjon mange må ha med seg. I år var det 14. gongen at cupen vart arrangert.

Sju damelag og åtte herrelag stilte i Vågåkøppen. Det vart totalt spela 43 kampar, før vinnarlaga var kåra.

«The Minions» vann damefinalen med 3-0 over «De proffe amatørene». Herrefinalen var det «Atletico Madrid» med Sivert Øien Bakke med kameratar som vann. Nok ein gong måtte arrangørlaget «This is Finna» - Liverpool-supportarane, bite i parketten over nok eit finaletap.

Sivert Øien Bakke (i blå drakt) var kåra til Årets spelar. Foto: ARVE DANIELSEN