Fjellovergangen Rv15 Skjåk-Stryn har vore stengt i fleire dagar.

Årsaka til stenginga har vore vanskelege køyretilhøve og rasfare.

I løpet av tysdagen har vêret stabilisert seg, og tysdag kveld klokka 20 vart fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn opna att.

Vegtrafikksentralen melder om vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti, og redusert sikt, på fjellovergangen tysdag kveld.