Ingen skadar etter stormen

Stormen «Urd» har ikkje sett særlege spor etter seg i Ottadalen.

Foto: Arkiv/ Illustrasjon

Nyheiter

Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyser til Fjuken tysdag morgon at dei ikkje har fått meldingar om verken øydeleggingar eller ulykker i Ottadalen måndag kveld og natt til tysdag, som fylgje av stormen «Urd».

– Det har vore kjent i fleire dagar at det skulle bli slik vêr, og det ser heldigvis ut til at dølane har teke sine forholdsreglar, seier operasjonsleiaren.

Fjellovergangen på Rv15 Skjåk-Stryn var tysdag morgon framleis stengt på grunn av vanskelege køyretilhøve og rasfare.