Gjensidigestiftelsen deler kvart år ut i overkant av 200 millionar kroner til allmennyttige prosjekt innan tryggleik og helse.

Rett før jul fekk fleire lokale lag og foreiningar ei overrasking frå stiftelsen.

Skjåk Røde Kors Hjelpekorps er blant desse, og har fått 250.000 kroner til kjøp av ATV med belter. Hjelpekorpset vil med ein slik farkost kunne ta seg betre fram i høgfjellet under vanskelege snøforhold, når snøskuter ikkje kjem fram.