Klima- og miljødepartementet seier nei til lisensfelling av 32 ulv i Hedmark. Det vil få konsekvensar for regionen vår, meiner ordførarane i Gudbrandsdalen.

– Som ordførarar i ein region prega av høgt konfliktnivå mellom beitenæring og rovdyrforvaltninga reagerer vi sterkt på konklusjonen frå statsråden. Meir ulv i Hedmark vil også føre til meir ulv i vår del av regionen. Innlandsregionen blir ført bak lyset, heiter det i eit brev til statsråd Vidar Helgesen.

Ordførarane i Gudbrandsdalen ber på det sterkaste statsråden om å gjera om beslutninga si.

– Med dagens vedtak veit vi at det kjem meir ulv i vårt område. Det kan vi ikkje akseptere fordi det er uhaldbart for landbruket og det svekkar heile samfunnet vårt, sluttar brevet.