Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Live Galde Tråstad frå Skjåk som fyller 11 år. Ho fekk gratulasjon i avisa frå Johanne, Eldri Marie, mamma og pappa.

Jubilanten kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Gratulerer med dagen, Live!