Fjuken har ikkje lukkast i å få tak i folk som kan svare på Blomqvist, og veit derfor ikkje korleis breva har dukka opp eller kven som er oppdragsgjevar. På Blomqvist er det lagt ut bilde av alle sju breva, frå Roald Amundsen, Fridthjof Nansen, President Herbert Hoover, Hertuginnen av Windsor, Wallis Windsor, Kronprins Olav og Kong Haakon. Det eldste brevet er frå 1929, det nyaste frå 1955.

Husmannsjenta Jørgine Slettede reiste til Amerika i 1903, i håp om å skape seg ei betre framtid. Da var ho 15 år. Livet hennar vart eit fantastisk eventyr. Ho vart vertinne og medeigar i det mest fasjonable hotellet på det nordamerikanske kontinent, Waldorf-Astoria, i hjartet av New York. Som hotellvertinne knytte Jørgine venskap med ei rekkje av verdas mest berømde personar.