I mai 2014 opna Rondane jakt og fritid på Otta. Bak satsinga stod Ola Plassen og Lasse Botten.

Nå vil dei to barndomskameratane frå Lia satse i Vågå.

– Vågå er ein spennande marknad og vi meiner tida er inne for å satse her, seier Ola Plassen.

Den nye sportsbutikken blir å finne i dei gamle lokala etter matbutikken på «handelsforeininga» som har stått tomt i vel eitt år. Her skal dei leige 280 kvadratmeter.

I starten blir det 1,5 stillingar, men målet er å auke til 2,5 stillingar.

Sportbutikken blir ei avdeling av Rondane jakt og fritid på Otta, og er knytt til MX-kjeda. Den nye sportsbutikken har ikkje fått noko namn enda. Men dei to vil finne eit lokalt namn på butikken.

Ordførar Iselin Jonassen helsar den nye sportsbutikken velkomen til Vågå.