Fleire hundre er med på Fjuken sin julekalender kvar dag. Julerelaterte spørsmål med eitt og anna lokalt tilsnitt er tydelegvis engasjerande.

24. desember hadde Ola Sørøvre og Fjuken-nissen mårgåverd med lokal tradisjonskost. Vi var sjølvsagt ute etter "Slagje storrumbrød", noko dei to freista med eit nytt pålegg. Jon Skjåk svara rett og vinn Fjukenabonnement og sekk.

23. desember spurte vi kva for land "Grevinnen og Hovmesteren" er produsert. Det er Tyskland. Hanna Hammardalen frå Garmo vinn nisse og nissekjerring frå Byggern Skjåk.

22. desember spurte vi kven som har skrive adventsverset "Advent". Det var Inger Hagerup, noko  Aud Randi Sperstad i Skjåk visste. Premie er YX-kopp for 2017 frå YX-Bismo.

21. desember spurte vi etter kva ein ofte kalla mildvêr som kom denne dagen. Det var sjølvsagt «Kakelinna». Grethe Øyberg i Nordberg visste dette og får Hårprodukter frå Hårloftet i Lom i premie.

20. desember spurte vi kva fuglane vi ofte pyntar juletreet med står som symbol for. Det er den Heilage Ande. Eva Aamot Odden svara rett og kan hente seg ei dørmatte i fritt val hjå Byggern Skjåk Interiør.

19. desember spurte vi kva som er hovudingrediensen i marsipan. Det er sjølvsagt mandel. Terje Mork var ein mange som svara rett. Han får stor Extra bag frå Extra i Lom i premie. 18. desember lurte vi på kvar Fjukennissen hadde tatt vegen. I eit arkivopptak var han sjølvsagt på sparktur i Bøverdalen. Stine Leirmo hadde geografikunnskapar på plass og får refleks, sekk og litt anna turutstyr frå Fjuken.

17. desember lurte vi på kva dei vise menn heitte. Sjølv om mange svar kanskje kunne vore rette her, var det Kaspar, Melkior og Baltasar vi var ute etter. Det viste Torkild Husevåg, han får PC/Skulderveske frå Extra i Lom.

16. desember lurte vi på kven som har skrive Musevisa. Det var naturlegvis Alf Prøysen. Vinnar er Ann Christin Lyngved som får kaffetraktar frå Ottadalen installasjon.

Torsdag 15. desember spurte vi kva som var innleiinga på juleevangeliet. Rett svar var "Det skjedde i de dager ...". Rett svar hadde Livø Randen som vinn EU-kontroll frå Skjåk Bil.

Onsdag 14. desember spurte vi kva NRK sin julekalender heitte i år. Svaret er Snøfall. Rett svar hadde Line Lereng som vinn Braun stavmiksar frå Extra i Lom.

Tysdag 13. desember var rett svar sjølvsagt lussekattar. Grete Lynås Lund vann band 4 av Skjåk Bygdebok gjeve av Skjåk kommune.

Måndag 12. desember var vi ute etter sju kakeslag. Oddgeir Sandvik viste sjølvsagt dette og kan starte kakebakst med Kenwood foodprocessor frå Extra i Lom.

Sundag 11. desember var Ola Sørøvre på sightseeing i Kveom i Vågå, det heile i eit arkivopptak. Geir Inge Gudbrandsen hadde oversikt og kan kvittere med halvårs Fjuken-abonnement og Fjukensekk.

Laurdag 10. desember spurte vi kva lenkene på juletreet tyder. Dette er brorskap. Leiv Roger Barlund vann Emerio Blender frå Extra i Lom.

Fredag 9. desember var vi internasjonale og spurte kva God Jul er på spansk. Feliz Navidad svara Amanda Lyngved og vinn seg gavekort frå Skafferiet i Skjåk.

Torsdag 8. desember stakk Evy Vang av med bokpremie frå Norsk Fjellsenter i Lom. Vi spurte kva for farge ein ofte brukar i advent. Evy svara sjølvsagt lilla.

Onsdag 7. desember spurte vi kva ljosa på juletreet symboliserar. Det er verdas ljos, Jesus. Premie går til Rannveig Kveom, gavekort frå Flækøy.

---

Det visste mellom anna Helene Rusthaug Storaaen frå Skjåk. Ho var den heldige som stakk av med premien i kalenderkonkurransen tysdag 6. desember. Helene får gavepakning frå Smak i Lom.

Heile 396 personar svara på kalenderspørsmål måndag 5. desember. Svaret var sjølvsagt vår alles kjære skomakar Jens Petrus Andersen. Gunnar Larsen var den heldige i går og vinn fondsparing med startsum 1000 kroner frå Sparebank1 Lom og Skjåk.

281 svarte på kva den småhissige Ola Sørøvre hadde gløymt i juleølet sitt i går sundag 4. desember. Dei fleste hadde nok fått med seg at vi var ute etter humle, men ei og anna flugu og nokre vender med gjær fanst og att i svarbunken. Kristian Hosar frå Skjåk kunne nok den tyske renhetsloven og svara rett. Vi kvitterer med Fjuken-sekk og halvårsabonnement. Gratulerer!

Vår julekalender er svært populær. Laurdag 3. desember registrerte vi heile 342 svar. Alf Prøysen-forteljinga som kom på kino for nokre veker sidan var sjølvsagt "Snekker Andersen og Julenissen. Det visste Kristine Berg som dei aller fleste andre. Gratulerer til Kristine, fiskekort kan hentast hjå Skjåk Almenning.

Astrid S. Haugen svara som alle andre rett på kva for dag St. Lucia blir feira. Det er sjølvsagt 13. desember. Astrid vann gavekort på rensing frå Renseriet i Vågå. Takk til alle som var med 2. desember, og gratulere til Astrid.

Kari Bustad frå Skjåk vann Electrolux støvsugar frå Extra i Lom. 298 klikka seg inn og la att svar på vårt julekalenderspørsmål 1. desember. Advent er sjølvsagt ventetida før jul, ikkje grammatisk form eller akebrett.