Det blir gratis kantinemat for alle elevar i ungdomsskulen.

Torsdag kveld presenterte rådmann Svein Holen og sektorleiarane forslag til årsbudsjett for 2017 og økonomiplan for 2017-2020. Det blir ikkje lagt skjul på at arbeidet har vore, og er, utfordrande. Det må kuttast kraftig i utgifter. Det er òg klart at fleire ynskte investeringar må setjast på vent.

Det gjeld for eksempel renovering av Skjåhallen, bygging av bustader for funksjonshemma og ombygging inne på Skjåkheimen.

Ein skikkeleg «godbeta», som han sjølv uttrykte det, kunne han rett nok presentere: Gratis kantinemat for elevane i ungdomsskulen.

– For å redusere sosiale skilnader er gratis kantinemat til alle elevar i ungdomsskulen innarbeidd i økonomiplanen med verknad frå skulestart 2017. Ved å tilby gratis kantinemat til alle elevar unngår vi stigmatisering av mindretalet som har dårleg råd. Eg er ikkje kjend med at andre kommunar har ei slik ordning. Dette trur eg kan bli eit godt omdømetiltak for Skjåk, sa rådmannen.

Formannskapet får framlegg til budsjett og økonomiplan til behandling måndag 5. desember.