Allereie laurdag 3. desember startar alpinsenteret skiheisen, til stor glede for mange skiløparar.

Brage Weldingh seier dei har produsert ein del snø, og fortel at det er fine forhold i bakken.

For å få fleire unge ut på ski i bakken, har Jotunheimen Aktiv IT/Lemonsjøen Alpinsenter og Vågå kommune inngått ei samarbeidsavtale med alpint tilbod til alle elevar på 1.-7. steg ved Lalm og Vågåmo skule.

Kvar elev frå tilbod om inntil 5 dagar gratis heiskort, inkludert gratis leie av skiutstyr, to timar med skiinstruksjon i grunnleggjande skiteknikk.

Det blir også tilbod om gratis transport tur/retur frå Vågåmo til Lemonsjøen, måndag til fredag i veke 9 (vinterferien). Elevane får også ti prosent rabatt på sesongkort.