Måndag denne veka utvida Kiwi opningstida. Der kan du nå handle daglegvarer frå sju om morgonen til elleve om kvelden. I morgon, torsdag, opnar Coop Extra. Dei har same opningstid: frå 07.00 til 23.00.

Rema 1000 varslar at også dei vil utvide opningstida.

– Vi endrar frå 1. januar i 2017. Det skal ikkje vera forskjell på opningstidene hjå oss og dei andre daglegvarebutikkane i Lom, seier dagleg leiar Daniel Skriden Tangen.

Dagleg leiar på Kiwi, Arnt Rune Vole, fortel at dei endrar opningstida som eit resultat av at Coop Extra gjer det.

– I Vågå har dei hatt ope til klokka 11 i fleire år. Eg har i lang tid tenkt at denne utviklinga òg ville koma til Lom, og nå er vi her. Vi må følgje utviklinga og våre kundar skal sjølvsagt ikkje ha dårlegare opningstid enn andre.