Mildveret har ført til svært glatte vegar rundt omkring i Ottadalen.

Sjølv om riksvegen i det heile er isfri, skal ein ikkje langt utanom på grendevegane før is og grus er underlaget for bilhjula.

Traktorar og lastebilar har gått i skytteltrafikk for å strø glatte vegar. Ein travel dag for dei som har ansvaret for vegane rundt i bygdene.

I følgje politiet har det ikkje vore hendingar på vegane som dei kjenner til, da Fjuken var i kontakt med dei ved 14-tida fredag.