Hans P. Hosar er utdanna historikar, og har ei lang merittliste når det gjeld publikasjonar. Den aller største er Skjåk Bygdebok: 1.838 sider, fordelt på fire bind. Det fyrste kom ut i 1994, det siste bindet kom ut i år. Bokverket spenner over Skjåk si historie frå dei fyrste reinsjegerane kom for om lag 9.000 år sidan, og til og med 2. verdskrig.

– Prisvinnaren har gjort eit formidabelt arbeid. Trådane er samla på ein fantastisk måte, sa ordførar Elias Sperstad, som slo fast at boknemnda i Skjåk gjorde eit rett val da dei bestemde seg for kven som skulle skrive bygdeboka.

– Det er eit praktverk som vil stå seg for evig tid, sa han.

Årets kulturstipend gjekk til Idunn Maria Brosset, som ordførar Elias Sperstad karakteriserte som eit multitalent. Ho dansar, spelar tverrfløyte, driv med visuell kunst, kreativ skriving og har stort talent innanfor realfag.

Les meir i papiravisa.