Funnet av det daude og mumifiserte hundedyret i Skjåk engasjerer både dyrevener og mange andre.

Mangeårig rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Christian Vole frå Lom, var med Fjuken for å sjå kadaveret som ennå er hjå Logre dyreklinikk i Lom.

Somme har meint at dyret er ein myndetype, andre har meint at det er ein rev.

– Det er ingenting som tyder på at dette er ein rev, seier Vole. Føtene er for lange, halen er for lang og øyrene er for lange. Dessutan er det som er att av hår for langt. Dette dyret har vore høgføtt, og har ikkje den skapnaden ein rev har, konkluderer Vole - tilliks med det veterinær Anne Mette Kolden kom fram til da ho undersøkte kadaveret tidlegare denne veka. Ho fann ingen id-chip på dyret.

Dei er båe einige om at det aller helst er ein myndehund, men er båe forundra over korleis dyret har hamna der det gjorde.

– Dyret må ha kome dit vi fann det i løpet av den siste månaden, seier Per Dagsgard i Skjåk.

Kadaveret har ingen merke etter rovdyr, korkje fugleklør eller bitt.

Det stakkars dyret har sulta i hel. Kva det er og kven som eventuelt eigde det, er framleis uklart.