Av Terje Lisødegård

Mannen (44) vart i 2015 dømt for bedrageria mot hotelleigaren i Skjåk, og for eitt bedrageri mot ein annan på 117.000 kroner. Vidare vart han den gongen dømt for bedrageri i Sverige og i Ringebu.

Han la seg da paddeflat og tilsto alt i tingretten i Vågå. Da påsto han seg så sjukdomsplaga at fengselsstraff ikkje var eigna. Han vart difor dømt til 210 timars samfunnsstraff. Den straffa har han aldri avtent, og nå får det følgjer for honom i ei ny sak som Gjøvik tingrett har avsagt dom i.

Mannen med seks tidlegare dommar på baken, og ei rekke bøter, har nemleg halde fram med å lure og bedra andre personar rundt om i landet.

Ni nye bedrageri

Etter toktet i Skjåk i 2013, er han nå dømt for ni nye bedrageri til ein samla verdi av vel 1,6 millionar kroner. Ei kvinne vart bedregen for vel èin millionar kroner av storbedragaren.

Straffa er nå fastsett til eitt år og ni månader i fengsel, inkludert fem månader fordi han ikkje har avtent samfunnsstraffa frå dommen i Vågå i 2013.

Han er også dømt til å erstatte ofra sine, slik han også vart i Vågå i 2015.