Eit vogntog er delvis i grøfta. Det har ført til at også fleire andre blir ståande fast i Råsbakken, nokre kilometer aust for Lom sentrum, tysdag kveld.

Politi og berging skal vera på plass for å løyse opp i floka.

– Det er berre trafikale problem, ikkje noko dramatisk får Fjuken opplyst frå politiet. Ikkje er det spesielt glatt heller, men realt norsk vinterføre, seier vakthavande på operasjonssentralen på Lillehammer.