Fylkesveg 63 mellom Langvatnet og Geiranger vart stengt torsdag kveld på grunn av uvêr. Fredag morgon vurderte Statens vegvesen om dei skulle opne vegen att, men bestemde seg for å halde vegen stengt fram til sundag klokka 09.00. Da blir det teke ei ny vurdering.

– Vi er på tampen av sesongen. Ein del trafikantar køyrer fortsatt på sommardekk og vi ser også motorsyklistar på vegane. Oppe på fjellet er det ikkje mobildekning, og vi ynskjer ikkje ein situasjon der fleire blir ståande fast i krevjande vêrtilhøve, seier byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er også stengt på grunn av sterk vind og snøvêr. Vegen er stengt fram til laurdag klokka 12.00. Da skal Statens vegvesen ta ei ny vurdering på om vegen blir opna att.