Av Terje Lisødegård

Det er statsadvokat Iris Storås som har teke ut tiltalen mot mannen.

Ifylgje tiltalen skal mannen i august i fjor ha gjennomført ei seksuell handling mot jenta sin vilje. Jenta skal gjentekne gonger ha sagt «nei» og gjeve uttrykk for at ho ikkje ville, ifylgje tiltalen.

Strafferettsleg blir dette rekna som ved grov uaktsemd å ha skaffa seg seksuell omgang ved vald eller trugande åtferd.

Det andre tilfellet mannen er tiltalt for, skriv seg frå seinhausten 2014. Ifylgke tiltalen skal mannen da ha hatt seksuell omgang med ei da 15 år gamal jente.

Rettssaken mot ottadølen er beramma til tre dager i november. Aktor i saka er politiadvokat Lars Rune Ringvik, medan advokat Kåre Lund er forsvarar for tiltalte i Nord-Gudbrandsdal tingrett.

Det er førebels ukjent om mannen erkjenner straffskuld etter tiltalen.

Statsadvokaten har teke atterhald om å legge ned påstand om erstatning til dei to fornæma jentene.