Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar helg.

Denne vekas jubilant er Oda Steinehaugen. Ho fylte 6 år 21. oktober, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken.

«Til lykke med dagen, supre Oda-jenta vår!

Vi er glad i deg!

Helsing bestemor og bestefar»

Gratulerer med dagen, seier vi i Fjuken òg!

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.