Elleve jenter på Lom ungdomsskule (LUS) har valfaget Innsats for andre, og i ein aksjonsperiode i haust har dei gjort ein innsats til årets TV-aksjon.

Frå butikkar og andre har dei fått premiar til eit lotteri, og ei økt på «Koopen» resulterte i 6.000 kroner. Fredag sat dei på skulen og selde lodd til medelevar.