Ei fersk undersøking utført av Kantar TNS på oppdrag frå Trygg Trafikk og Sparebank1 viser at berre 26 prosent av dei vaksne seier at dei alltid brukar refleks. Samstundes seier 83 prosent at dersom fleire vaksne brukar refleks, vil dette auke refleksbruken blant barn og unge.

I dag, torsdag 20. oktober, er den nasjonale refleksdagen. Dagen har vorte og blir markert på ulike måtar rundt om i Oppland og elles i landet.

Bakgrunnen for refleksdagen er den nasjonale målsetjinga om refleksbruk. Den seier at 40 prosent skal bruke refleks i byar og tettstader, og 60 prosent skal bruke refleks på landet, i 2018.

Utan refleks er du fyrst synleg på 25-30 meters avstand. Brukar du refleks, er du synleg på 140 meters hald.

I år er det 11. gong refleksdagen går av stabelen, og Trygg Trafikk utfordrar kvart år ein kunstnar eller designar til å utforme refleksar i høve dagen. I år er det Moods of Norway som står bak designrefleksane for Trygg Trafikk.

Til slutt: Her er Trygg Trafikk sine 5 tips til refleksbruk:

* Fest refleks i lommer på alle jakker og vesker så du ikkje gløymer dei.

* Refleks som røyver på seg når du går synast best. Fest refleksbrikka i lang snor.

* Sjå etter refleksar som er CE-merka. Dei er godkjende og garantert effektive.

* Bytt ut refleksvesten etter om lag 25 vask.

* Refleksar med riper har dårlegare effekt. Kjøp nye!