Det var Eva Ramen i den kommunalt oppnemnde aksjonskomiteen som tok dette initiativet.

Randi Sofie Lund på Fossberg Hotell er svært positiv.

– Vi var ikkje i tvil om vi skulle vere med da Eva tok kontakt med oss. Nå håpar eg at andre bedrifter slenger seg på, seier ho.

Pengane i årets TV-aksjon går til Røde Kors og blir brukt til å gjeva livsviktig hjelp til menneske som er ramma av krig og konflikt, både i utlandet og her i Noreg.

For å synleggjere engasjementet, må bedrifta gå inn på nettsida giverstafett.no og registrere valfritt beløp.

Dersom ein kjem med eit bidrag innan onsdag 19. oktober, vil dette bli med på oversikta på TV-aksjonssendinga på NRK sundag 23. oktober.