Vakthavande ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt opplyser til Fjuken sundag kveld at det har vore ei svært roleg helg i dalføret vårt.

– Ikkje noko anna å melde frå politiloggen enn nokre viltpåkøyrslar, seier operasjonsleiaren.

Politiet får stadig meldingar om påkøyrsel av vilt i heile Gudbrandsdalen, og det er grunn til å vere ekstra på vakt.