Det var Melby sjølv som kunngjorde at han avsluttar samarbeidet med det populære bandet han har vore medlem i sidan 2013, på si eiga side på Facebook fredag kveld.

Den erfarne musikaren frå Skjåk skriv at han er audmjuk og evig takknemleg for å ha fått vore med på den fantastiske reisa med «Vassendgutane».

«Føler eg har vakse som steel-gitarist desse 4 åra eg har vore med dei landet rundt», skriv Alf Rune Melby, som nå har lyst til å disponere tida si annleis.

Skjåkværen sluttar ikkje på dagen i «Vassendgutane».

«Blir med ut året. 3. dag jul i Kristiansund blir min siste jobb med 'gutane'», skriv Melby på Facebook, der han også takkar fansen.

Sjølv om Alf Rune Melby har bestemt seg for å slutte i «Vassendgutane», legg han ikkje bort steelgitaren, og håpar at han fortsatt vil bli å sjå på nokre scener rundt om.

I fylgje spelelista til «Vassendgutane» står bandet på scena i Loen idrettshall i Nærby fredag kveld, og Alf Rune Melby var difor naturlegvis ikkje tilgjengeleg for ein kommentar.

Festcountrybandet «Vassendgutane» er eitt av landets mest turnerande band. Her frå Countryfestivalen i Skjåk i sommar. Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv
Alf Rune Melby er ein erfaren musikar og steelgitarist. Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv