Det er to månader att til jul, men dei tilsette i daglegvarebutikkane er allereie i full gang med å fylle opp hyllene med julevarer.

Julebrusen kjem også som vanleg tidleg. Denne veka vart Hamar og Lillehammer Julebrus rulla ut i butikkane. Den brune julebrusen som er produsert av Ringnes er folkets favoritt blant dei mange ulike typane julebrus. Det viser salstala og ein rekkje testar der brusen år etter år har gått heilt til topps.

Bunnpris i Skjåk er blant butikkane som fekk på plass pallar med den populære julebrusen denne veka, og butikksjef Grete Aune Ulen reknar med at brusen som vanleg vil gå unna.

– Dette er heilt klart favoritten. Vi har fleire typar julebrus kvart år, men det er denne som er bestseljaren. Det er det ingen tvil om, seier Aune Ulen.

Butikksjefen er lova påfyll frå Ringnes minst éin gong før jul.

– Eg forsikra meg om dette da eg bestilte julebrusen. Leverandøren sa at eg skulle få levert meir brus om det vart behov, så da får eg berre stole på at bryggeriet har nok, seier Grete Aune Ulen, som allereie har seld mange flaskar med julebrus etter at ho fekk den inn i butikken torsdag.

Kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgaard, seier til Fjuken at det blir seld om lag 3 millionar liter julebrus av typen Hamar og Lillehammer kvart år.

– Dette utgjer 20 prosent av det totale julebrussalet som er 15 millionar liter, seier Bruusgaard.

Han fortel at medan forbrukarane ofte skrik etter nyheiter og innovasjon, særleg innan varegruppa brus, er det heilt motsett med Hamar og Lillehammer Julebrus.

– Ein tullar ikkje med julebrusen frå Hamar og Lillehammer! Det har vi fleire gongar fått klar beskjed om frå fansen. Det er stort engasjement kring denne brusen, og vi kan ikkje ein gong endre skrifttypa på etiketten utan at det kjem reaksjonar, seier kommunikasjonssjefen.

Bruusgaard seier at det er mange som har venta lenge på julebrusen når den kjem i handelen i midten av oktober.

– For dei som meiner jula kjem tidleg i butikkane, kan eg avkrefte dette når det gjeld julebrus! seier Nicolay Bruusgaard.

Nytt av året er at julebrusen frå Hamar og Lillehammer også er å få kjøpt i lettutgåve utan tilsett sukker. I fylgje kommunikasjonssjefen er dette noko som har vore etterspurd frå forbrukarar i fleire år.

Nytt av året er at julebrusen frå Hamar og Lillehammer også er å få kjøpt i lettutgåve utan tilsett sukker. Foto: Tom Erik Solstad