Dette er eitt av forslaga frå ei arbeidsgruppe i Politiet Innlandet som nå har kome med forslag til lokal struktur i samband med nærpolitireforma. Ei rekkje lensmannskontor er førelege lagt ned.

Gruppa foreslår at lensmannskontora i Gausdal, Øyer, Vågå og Skjåk blir lagt ned. Gruppa meiner at ein vesentlig del av ressursane i Lom bør flyttast til Otta. Lillehammer, Sel og Otta består som einingar. Lesja og Dovre, Lom og Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor er føreslege vidareført som tenestestader.

Eit utdrag av det arbeidsgruppa skriv:

«Ei samling av politiressursane for Ottadalen og Nord-Gudbrandsdalen på Otta gjve eit større og betre fagmiljø. Ein vil få meir robuste teenestelister. Dei fleste unge medarbeidarane ynskjer større miljø, og at det skjer noko der dei jobbar. Ei samling på Otta vil truleg gjere det enklare å rekruttere nye medarbeidarar og få dei til å bli. Det vil også gi betre utnytting av personell, ressursar og materiell samt enklare koordinering og leing».

Lomsordførar Bjarne Eiolf Holø sin umiddelbare kommentar er at arbeidsgruppa har lagt til grunn den strukturen som ein alt har fått tilpassa for Ottadalen. Lensmannskontoret i Skjåk er i praksis alt avvikla og lensmannskontoret i Vågå har sterkt redusert opningstid.

– Det er alt etablert eit større kontor i Lom, og det er difor sterkt beklageleg at tilrådinga nå er å føre ein vesentleg del av ressursane frå Lom til Otta. Eg meiner det kan vere riktig å samle ein tenesteeining på Otta for Nord og Midt-Gudbrandsdalen, men denne må få tilført nye ressursar utan at korkje Lom, Dombås eller Vinstra vert tappa, skriv Holø.

Rapporten frå arbeidsgruppa skal presenterast i eit møte i styringsgruppa måndag 17. oktober på Hamar. På bakgrunn av styringsgruppa si behandling og politimeisteren sine vurderingar, vil det kunne bli nokre endringar i det endelige forslaget som skal sendast ut på høyring fredag 21. oktober.