– Det er løyle å vere med på noko slikt, seier Merete Berg (27). Ho er ein av tre norske frisørar som har nådd finalen Tendenz Stylist Award, ei årleg konkurranse som kårar landets dyktigaste stylist.

Til dagleg arbeider ho hjå Karita dame- og herrefrisør i Vågåmo.

I konkurransen har Merete brukt lokale modellar. I fyrste innleiande runde var det Susanne Ymbjørgøyen Myklebust som var modell, i andre runde og som gav finaleplass, var det Helene Kveen som var modell.

I finalen har Elin Beate Galstad stilt som modell. Tema i finalen er «wonderland», der deltakarane kan velje sjølve kva dei gjer. Merete har også levert ein portrettvideo av seg sjølv.

Nå ligg videoen og bilde av modellen ute på Tendenz si nettside, der publikum kan stemme fram sin kandidat til Norges nye toppstylist. Stemmene frå publikum og ein fagjury avgjer kven av dei tre finalistane som vinn.

Vinnaren blir kåra under Tendenz si årlege haustkonkurranse den 22. oktober.