Både brannvesen og politi rykka ut da det vart meld om eit mogleg tilløp til skogbrann i Skjåk ved 17.30-tida måndag.

Ei stund seinare vart det stadfesta at det var brann i eit avgrensa skogområde ved Stamsetra i Billingsdalen.

Rett før klokka 19 melder operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt at brannvesenet har kontroll på staden, og at dei driv med ettersløkking.