Frå midten av november sender NRK1 dokumentarserien «Gjetarar i Jotunheimen», ein serie om Lom tamreinlag. Men allereie nå sundag kan ein sjå tamreinlaget på fjernsynet.

Da viser NRK1 fyrste episode i serien «Landet frå lufta», ei unik reise gjennom Noreg. Alt er filma frå helikopter og drone. I seks episodar får sjåarane vere med på turar i alle norske fylke.

Fyrste episoden heiter «Spor», der reinsamling er den raude tråden i programmet. Programskapar Rebecca Nedregotten Strand i NRK Hordaland fortel at ein her møter mellom anna gjetarar i Jotunheimen som samlar reinflokken sin til slakting på Grønhøe, og på Sålell.

Lom og Skjåk er også godt representert i andre episodar av serien. Rafting i Ottaelva, Rauddalsvatnet, istunnelen på Juvbreen, oppdagingsferd langs ein av landet sine mest spektakulære bilvegar over Sognefjellet, og tur opp til Noregs høgste fjell - Galdhøpiggen.