Ni energiselskap i Norge er ute i streik som følgje av usemje mellom arbeidsgivarorganisasjonen KS Bedrift og arbeidstakarorganisasjonane El&IT og Delta om lengda på kviletid/avspasering etter vakt.

Frå fredag morgon kan 55 av 87 tilsette i AS Eidefoss, som er organisert i El&IT og Delta, koma til å gå ut i streik dersom ikkje partane møtest og blir samde før den tid. Dette fører til at bemanninga i Eidefoss blir sterkt redusert.

– Vi vil gjere alt vi kan for å redusere skadeverknader for tredjeperson. Uunngåelige konsekvensar er likevel at sentralbordtenesta og kundeservice ikkje blir utført. Ved feil i nettet, vil vi gjere vårt yttarste for å avgrense negative verknader for kundane, skriv administrerande direktør Hans Kolden i ei pressemelding.

Dersom det oppstår nettfeil, skal det meldast på vanlig måte til telefon 61 21 91 00.

Kolden skriv at feilen ikkje blir retta med mindre det kan vere fare for liv og helse på folk og dyr, eller store materielle øydeleggingar.

– Vi har etablert vaktavtaler med dei streikande, men feilretting vil først bli gjennomført etter at streikekomiteen til dei streikande har behandla ein dispensasjonssøknad. Feilretting kan derfor ta noko lenger tid enn vanlig, melder Hans Kolden.

AS Eidefoss har informert kommunane i nettområdet om situasjonen, og dei følgjer den tett med tanke på hendingar som kan truge liv og helse.